TALENT: Ingelin Ytreland (13) frå Hørte.
Øystein Akselberg
Ingelin (13) plukka ut til å vere med i stort show: – Eg elskar å stå på scena
Ingelin Ytreland (13) er glad i å opptre. Ho syng i kor, spelar i korps og er både høgt og lågt når det gjeld song og dans. Skulearbeid får ho sikkert tid til òg, med så mykje energi.
– Eg har alltid lika å synge og danse, seier Ingelin Ytreland, som denne veka er aktuell som ein av aktørane når Ibsenhuset i Skien fyller 50 år med stort jubileumsshow. Det blir framsyningar i dagane 8. til 10. september.