FRONTFIGUR: Ingemar Bråten ser fram mot neste val som ordførarkandidat for Midt-Telemark Høgre.
Unni Buverud
Ingemar toppar Høgre si liste: – Eg har nok skapt nokre overskrifter
Høgres toppkandidat i Midt-Telemark er både frittalande og engasjert i lokalsamfunnet.
Midt-Telemark Høgre har starta nominasjonsprosessen. Ennå er det langt fram til partilista er ferdig spikra, men ordførarkandidaten er på plass. Styret og medlemsmøtet var samstemde om at Ingemar Bråten (59) er rett person til toppvervet.