K
Ingen gudstenester – restriksjonar på gravferd, vigsel og dåp
Det blir ikkje gudstenester i Midt-Telemark eller resten av bispedømmet dei neste to vekene.
– Agder og Telemark bispedømme har bestemt at ein på grunn av koronaviruset skal avlyse alle gudstenester i bispedømmet dei neste to vekene, fram til og med den 22. mars. Samtidig blir det innført avgrensningar når det gjeld gravferd, vigslar og dåpsseremoniar.