Ingrid (27) er student i Chile: – Eg håper å ta med litt av det laussleppte heim
Arkitektstudent og musikar Ingrid Skåland Lia har bytta Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo og norske konsertscenar med eit år i Chile. Her finn ho ny inspirasjon til musikk, arkitektur og livet elles.
Ved studiestart i fjor haust sette Ingrid Skåland Lia frå Bø kurs for Chile og Pontificia Universidad Católica de Valparaíso.