Inviterer til fest og fingermat
Torsdag 5. mars blir det 100-årsfest for Senterpartiet på Bø vidaregåande skule. Dit er alle som vil invitert på fingermat, og der kan ein få helse på sentrale partifolk.
Telemark Senterparti fyller 100 år, og det skal ein feire i Midt-Telemark. Til jubiléet kjem mange av partiets profilerte politikarar, ikkje minst partileiar Trygve Slagsvold Vedum som skal halde tala «Nær folk gjennom 100 år». Ordførar i Midt-Telemark, Siri Blichfeldt Dyrland, opnar festen.