MEINING: Lokallagsleiar i Raudt Midt-Telemark, Ruben F.S.S.N. Forbergskog
Silje Sæterli Høyendahl
– Ja til fleire rimelege bustadar, nei til fleire hytter
Midt-Telemark er ein kommune i vekst. Kvifor kan ikkje fokuset da vere veksten av fastbuande, og ikkje å bøye seg for dei aller rikaste?
Midt-Telemark er ein kommune med endelause moglegheiter. Me har alt frå eit myldrande næringsliv, til eit mangfaldig kulturliv. Det er derimot overraskande få av bustadane som passar til unge, einslege eller vanskelegstilte. Slik bustadmarknaden i Midt-Telemark er i dag, må du allereie vere godt etablert for å ha råd til å finne ein bustad. Når hyttebygging da blir prioritert, kan ein jo byrje å lure.