LANG TRADISJON: Denne garden har vore i eige hos same slekta heilt sidan 1726.
Bø Museum, Widerøe
Jernbanelinja delte denne gamle garden i to
På den vestlege delen av Flatin ligg garden Øvre Skogen. Den var husmannsplass under Grivi til 1776, då den vart kjøpt ut som eigen gard for 100 riksdaler. Fram til for noko over 100 år sidan var gardstunet i lia opp mot Breisås. I 1917 vart tunet flytta ned på det flate partiet der garden ligg i dag. Uthuset vart bygd i 1917 og våningshuset året etter. Det var tida då jernbanen frå Gvarv mot Bø vart bygd nedanfor det gamle gardstunet, og den nye jernbanelinja delte arealet til Øvre Skogen i to.