NORDAGUTU: Stasjonen på Nordagutu.
Arkivfoto
Jobbar med vatn og avløp på Nordagutu og Gvarv
Midt-Telemark kommune jobbar med fleire prosjekt knytt til vatn- og avløp. Arbeid med dette skjer no både på Nordagutu og på Gvarv.
I området frå Flathus til Nordagutu, ei strekning på 600-700 meter langs fylkesvegen, er Midt-Telemark kommune i gang med eit arbeid for å avkloakkere 16 bustader til kommunal kloakk. Området får pumpeleidning for kloakk og dessutan nye leidningar for drikkevatn. Anleggsarbeidet vil pågå fram mot november og har ein kostnad på mellom fire og fem millionar kroner.