Jon André (22) frå Bø jaktar på kjærleiken på TV2
Ein bøhering dukka opp i TV2-programmet Love Island i går. Der skal han jakte på den store kjærleiken.
Love Island er eit program som ifølgje PR- og medieavdelinga i TV2 foregår i ein idyllisk villa i Argentina. Der skal unge, single menneske leve saman medan dei søkjer etter den store kjærleiken. Serien blir spela inn i Argentina i desse dagar, og blir sendt kvar søndag til og med torsdag på TV2 Sumo, TV 2 Livsstil og TV2. Programmet blir sendt meir eller mindre direkte. Det vil seie at det som skjer i villaen i dag, ser du på TV i morgon.