JUBEL: Jubel i bladstugo over nye opplagstal.

Jubel i bladstugo: – Me har passert ein milepæl

Ferske opplagstal viser ny rekord for Bø blad. Lokalavisa for Midt-Telemark har for fyrste gong bikka 3000 abonnentar.

Publisert Sist oppdatert

Tysdag presenterte Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) opplagstala for norske aviser i siste halvår av 2024.

Da tala blei klare, blei det både jubel og kake i avishuset i Bøgata 69. Tala viser at Bø blad, lokalavisa for Midt-Telemark, har passert ei magisk grense. Godkjent opplag er nå på 3009.

Samanlikna med andre halvår i 2023, har Bø blad nå 187 fleire abonnentar. Det er ein auke på 6,6 prosent. Bø blad er med det opplagsvinnar i Telemark.

Det er bare ei anna avis i Telemark som har auke, og det er Telen på Notodden.

– Ein milepæl

– For fyrste gong i historia har Bø blad passert 3000 abonnentar, og det er ein milepæl, seier Hilde Eika Nesje, redaktør i Bø blad dei siste 18 åra.

Auken har ikkje kome brått, men er jobba fram jamt og trutt gjennom mange år. Bø blad har heller ikkje hatt dei store nedturane.

– Me har stort sett hatt auke i dei åra eg har vore her. Bø blad har klart seg bra i ein bransje der mange har opplevd stor nedgang, seier Nesje.

Aukar digitalt

I opplagstalet på 3009 ligg 788 heildigitale abonnentar. 

– Dei siste åra har me auka monaleg digitalt, noko som er eit mål. Det er gledeleg at me aukar i digital lesing, for det er det som er framtida. Med digitale verktøy er det òg mogleg for Bø blad å konkurrere på annan måte enn da me berre hadde papiravis, seier redaktøren.

KAKE: Bø blad feirar opplagsauken med kake frå Gvarv bakeri. F.v. Marta Kjøllesdal, Gro B. Røiland, José Bakker, Linn Malén Vefald, Øystein Akselberg og Hilde Eika Nesje.

Styrkar redaksjonen

Bø blad skal i løpet av 2025 styrke redaksjonen med ei journaliststilling. 

– Det krev mykje av redaksjonen å vera til stades digitalt, slik lesarane forventar at me er. Sjølv om me med digital avis må tenke litt annleis, er me framleis opptatt av å presentere smått og stort av det som skjer i kommunen. Det betyr noko for folk at me er på ulike arenaer. Målet vårt er å vera fyrstevalet til folk som bur i kommunen. Me veit at det er Bø blad som skriv mest og breiast om det som skjer i Midt-Telemark, seier redaktør Hilde Eika Nesje.

Andre aviser i Telemark

Av dei ti avisene i Telemark, er det bare Bø blad og Telen som kan vise til opplagsauke.

Telen auka med 35 abonnentar, som tilsvarar ein oppgang på 0,8 prosent. Totalopplaget til Telen er nå 4274.

Varden går mest tilbake, med ein nedgang i opplag på 1343 abonnentar. Det tilsvarar ein nedgang på 8,2 prosent, samanlikna med siste halvår i 2023. Godkjent opplag er nå på 15.122.

Telemarksavisa er størst i Telemark med 23.135 abonnentar, men hadde ein nedgang i opplaget i 2024 på 225. Det utgjer éin prosent tilbakegang.

Kanalen hadde ein liten nedgang på ti abonnentar, 0,4 prosent, og enda opp med eit opplag for andre halvår 2024 på 2254. 

Vest-Telemark blad gjekk tilbake med 127 abonnentar, og kom ut med eit opplag på 5759. Tilbakegangen er på 2,2 prosent.

Drangedalsposten går ned med 13 abonnentar og har nå eit opplag på 1690. Det er ein nedgang på 0,8 prosent.

Rjukan Arbeiderblad har nå eit opplag på 2334. Avisa har ein nedgang på 2,5 prosent, noko som tilsvarar 60 abonnentar.

Porsgrunns Dagblad går ned med 314 abonnentar, til eit totalopplag på 4795. Nedgangen er på 6,1 prosent.

Kragerø Blad Vestmar går ned med 149 abonnentar til eit opplag på 4953. Nedgangen er på 2,9 prosent.

 

Powered by Labrador CMS