V
Julegrantenning avlyst, men du kan teikne og få godtepose
Det blir inga tradisjonell julegrantenning i år grunna smittesituasjonen. Sentrumsringen vil derfor arrangere ein juleteiknekonkurranse for barn i staden.
Det er mange aktivitetar som blir avlyst i desse dagar. Det gjeld også den tradisjonelle julegrantenninga på torget. Derfor ønskjer Sentrumsringen å gjera noko anna hyggeleg for barna.