«Og når liane grønkar som hagar/når det laver av blomar på strå/og når netter er ljose som dagar/kan han ingen stad venare sjå», skreiv vestlendingen Ivar Aasen. Det kan ein også tenke på tur i Brekkegrenda, der søstermarihand og andre vakre villblomar rammar inn den vene utsikta mot Seljordsvatnet. FOTO: Gro B. Røiland FOTO: Gro B. Røiland HEILT KONGE: Denne måka ser ut til å føle seg som ein konge, der den tronar på toppen av tanken, mens den ser ned på skjæra. FOTO: Unni Buverud FOTO: Unni Buverud EPLEMOST PÅ VEGEN: Andre pinsedag var det pilegrimsvandring frå Nes kyrkje til Bø gamle kyrkje, noko svært mange deltok på. I hagen på Nyhuus gard stod Halvor Holtskog og dela ut eplemost til tyrste vandrarar. F.v. Rune Digranes Bøen, Vebjørn Bakaas, Marita Lauritzen, Grete Hasselgård Sele, Maria Axelsen Lie, Rolf Axelsen Lie, Asgeir Sele, Elisabeth Riis og Halvor Holtskog. FOTO: Kristin Digranes Bøen FOTO: Kristin Digranes Bøen BLOMSTER I SENTRUM. Også i år er det planta flotte blomster i rundkjøringa og BØ-bokstavane er på plass igjen. Det var dei frivillige Thorvald Amundsen, Gerd Inger Heldal, Liv Aasmundsen og Svein Aastvedt, i tillegg til Ann Kristin Forberg (kommunen) og José Bakker (Sentrumsringen) som fekk blomstrane i jorda denne dagen. FOTO: José Bakker FOTO: José Bakker REID PÅ HEST: Her har klasse 1C på Bø skule fått seg ei fin oppleving i Evjudalen, da Tuva Farstad kom med hesten Liam (22 år) på besøk og alle dei 16 ungane fekk prøve å ri ein tur. Liam er ein roleg og stødig irsk sportsponny. Etter hesteturen strauk skuleungane inn døra til Bø bibliotek. FOTO: Øystein Akselberg FOTO: Øystein Akselberg DUGNAD: Eit augneblinksbilde fra ein av fjorårets cupane, kor ungane fekk middag i idrettshallen i Gullbring. FOTO: José Bakker, arkiv Bø blad FOTO: José Bakker, arkiv Bø blad TAKKA AV: Då det var sommarfest og avslutning for dei to sokneråda og Fellesrådet i Midt-Telemark på Nes menighetshus, blei avtroppande kyrkjeverje Martin Stærk (t.h.) takka av, det same blei vikaren hans det siste året, Alf Rose Sørgaarden (t.v.). Den nye kyrkjeverja, Angelika Faber Karsrud, var også med. Ho startar i jobben 1. august, og er her omkransa av dei to forgjengarane. FOTO: Bjørnar Nesje FOTO: Bjørnar Nesje BESØK PÅ KJERNEHUSET. 13. juni fekk Kjernehuset besøk av Knut Brennemo med trekkspelet sitt. Her ser me nokon av dei som var på plass denne dagen, og som kosa seg med underhaldninga til kaffikosen. Frå venstre Olav Kaasa, Torstein Steinarsrud og Harry Skogly. Bak ser me Knut Brennemo. FOTO: Anne Ruth FOTO: Anne Ruth TURNERING. Helga 10.-11. juni arrangerte Skarphedin volleyball beachturnering på Bø vidaregåande skule i strålande vêr. Laurdag var det ni herrelag og fire damelag som var i elden. Sundag var det totalt 15 jentelag som spela. Det var stort sett lag frå Oslo og Skarphedin som deltok. FOTO: Rune Digranes Bøen FOTO: Rune Digranes Bøen FARGERIK: Ved Fargerike Bø veit dei å setje farge på tilvêret. Det er ikkje så mykje som skal til for å gjere det triveleg i nærmiljøet. Ein raud benk å vente på, eller bare kvile seg på, er som ei vitamininnsprøyting for dei som ferdast her, eller ventar på bussen. FOTO: Hilde Eika Nesje FOTO: Hilde Eika Nesje PUSTEROM: Det skjer ting ved Rindegården, der det stadig dukkar opp nye overraskingar. Nye benkar med blomsterkasser framfor kvar einaste butikk, samt ein rundt hjørnet er på plass. Små, men viktige grep for å løfte trivselen i sentrum. FOTO: Hilde Eika Nesje FOTO: Hilde Eika Nesje DUGNAD OG KAMP. Da Nordbøåsen Vel hadde dugnad på Nordbøåsen, stilte både store og små opp. Etter dugnaden blei det servert pizza og brus, og så var det tid for den tradisjonelle fotballkampen mellom barn og vaksne. Her viste det seg å vere mange talent, med stort vinnarinstinkt. FOTO: José Bakker FOTO: José Bakker STRAFFE: Her blir det mellom anna øva på straffespark. FOTO: Unni Buverud FOTO: Unni Buverud SOMMARKONSERT. I strålande solskin spela det lokale bandet Ni Liv på Lindheim Ølkompani ein fredag i juni. Mange hadde tatt turen til Lindheim denne kvelden og publikum fekk sjå og høyre mange gode låtar og god stemning blant bandmedlemane. FOTO: José Bakker FOTO: José Bakker AVSLUTNING. Det var stor festivitas på Bø vidaregåande skule då avgangselevane og årets russekull hadde avslutningsfest saman med føresette og foreldre. Det var inngangsmarsj, taler og musikk, før det blei fotografering i skulegarden og kakefest i kantina. FOTO: Hilde Eika Nesje FOTO: Hilde Eika Nesje GREPLYNGEN PÅ LIFJELLl. Forsommaren er tid for greplyng-safari på Lifjell. Bø blad opplevde blomstrande greplyng på toppen av Krintofjell (926 moh) og på flatene under toppen av Gleksefjell (1120 moh) 8. juni. Greplyngen er ein dvergbusk i lyngfamilien, og trivast best på tørre rabbar, krypande langs bakken. Utgangspunktet for denne turen er parkeringa på Jønnbu (750 moh). Det betyr at ein får med seg litt trim i form av nokre høgdemeter. Det er berre ein bonus for opplevinga. FOTO: Øystein Akselberg FOTO: Øystein Akselberg Juni-kavalkade med glimt og gløtt Synnøve Sudbø Kleppe Publisert sundag 02. juli 2023 - 06:00 Sist oppdatert sundag 02. juli 2023 - 06:00 Del på Facebook Del på Twitter Del på e-post Kjære lesar! Eksisterande abonnent? Logg inn her For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga. Har du ikkje abonnement? Bli abonnent Eksisterande abonnent? Logg inn her ✕ arkiv nyheit Del på Facebook Del på Twitter Del på e-post