Ordførar i Midt-Telemark, Siri Blichfeldt Dyrland.
Bø blad, arkiv
Kan få 16 flyktningar i 2021
Midt-Telemark kommune blir beden om å ta i mot 16 flyktningar neste år. Kommunen meiner sjølv at dei både har kapasitet og hjarterom til å ta imot fleire.
Midt-Telemark kommune ved ordførar Siri Blichfeldt Dyrland har fått brev frå justis- og beredskapsminister Monica Mæland, datert 3. november 2020, angåande busetting av flyktningar frå Moria-leiren. Brevet er svar på ordføraren sitt brev av 15. september der det blei signalisert at kommunen har kapasitet til busetting av fleire flyktningar, og gjerne flyktningar frå Moria-leiren.