MANGLAR: Siste del av vegen over Langkåshaugen manglar fortau.
Øystein Akselberg
Kan få tilbod om å spleise på fortau – administrasjonen vil takke nei
Fylkeskommunen tilbyr muleg spleiselag for fortau over Langkåshaugen. Adminstrasjonen meiner ein ikkje har råd.
Vestfold og Telemark fylkeskommune jobbar med nytt handlingsprogram for fylkesvegnettet for perioden 2024 til 2027. I den samanheng spør fylkeskommunen om det er prosjekt som det kan vere aktuelt å spleise med kommunane på.