NYNORSKTALENT. Artist Daniel Kvammen er med Nynorsk Kultursentrum, Norsk Målungdom og Framtida.no i jakta på unge nynorsktalent som kjem til å prege offentlegheita i åra framover.
N

Kårar unge nynorsktalent – kven vil me sjå og høyre meir av i framtida?

Nynorsk kultursentrum, Daniel Kvammen, Norsk Målungdom og Framtida.no skal kåra dei viktigaste nynorsktalenta du må følgje med på framover. Fram til 20. desember kan du nominera kandidatar.

Publisert Sist oppdatert

– Det dukkar stadig opp unge talent, i både dal og by, som brukar språket på ein sterk og innovativ måte. Det vera seg i musikk, idrett, politikk eller litteratur. Me ønskjer derfor å bruke denne kåringa til å vise at nynorsken ikkje berre er til for gretne, gamle skrotnissar, som sitt aleine på fjelltoppar, les tung litteratur, og hyttar med neven mot alt som er nytt. Det handlar om ungt blod, nye tankar og sterk gnist, seier Daniel Kvammen i ei pressemelding frå den digitale nyheits- og debattavisa for unge, Framtida.no.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS