– Kjersti er ein usedvanleg sprek 101-åring
Sist veke fylte Kjersti Kaasa 101 år, og er med det truleg den eldste personen i Bø. Dagen blei feira med sju andre damer ved omsorgsbustadane knytt til Bø sjukeheim.
Det er ein uvanleg kvikk og oppegåande 101-åring som vert overraska over besøk frå lokalavisa. Kjersti Kaasa feira med blomstrar og blautkake saman med dei andre bebuarane på avdeling 1C.