240822 Evju bygdetun Gregert Knutsen foto privat

Knutsen-familien i Gamlegata køyrde sukkerturar til Sverige

Publisert Sist oppdatert

Familien Lønheim har gjeve mange interessante bilete til Evju Bygdetun. I denne samlinga finst dette biletet av Gregert Knutsen (1905-1985) på tur til Oslo, sannsynlegvis på 1930-talet. Gregert køyrde både lastebil og turbuss i mange år, blant anna skuleturar og «sukkerturar» til Sverige. Kven som var med da biletet blei tatt veit me ikkje, men viss nokon veit noko håper me at de tek kontakt. I tillegg til transportverksemda dreiv Gregert og kona, Aasta f. Midtgarden i Åsåreset, landhandel og mjølkeutsal i Gamlegata. Dette overtok dei etter foreldra hans, Andrea og Olav Knutsen. På starten av 1970-talet overtok daglegvareforretningane salet av mjølk. Aasta og Gregert dreiv da butikken vidare med sal av godteri, aviser og diverse blad fram til slutten av 1970-talet.

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS