– Kommunen bør eige
Dei som vil ha kommunalt eige av Gullbring meiner at det kommunale eigedomsselskapet, saman med nåverande ressursar, vil vere godt eigna til å drive Gullbring vidare.
Per Simon Slettebø, Peder Rekkedal, Kjell Arne Lunde, Trygve Myrene, Terje Wold og Einar Fagerås engasjerer seg sterkt i Gullbring-saka. Dei meiner at det fortsatt er liv laga for eit kommunalt eigarskap av Gullbring kulturanlegg, sjølv om kommunedirektøren nå foreslår at Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge (SSN) får overta anlegget.