STILTE SPØRSMÅL: Kjetil Nyhus, Senterpartiet.
Marta Kjøllesdal
Kommunen vil tillate berre eitt skjenkeløyve per kjøpesenter
Formannskapet fekk forslag til nye alkoholpolitiske retningslinjer på bordet i møtet måndag.
Kommunane er pålagde å ha ein alkoholpolitisk handlingsplan som viser dei alkoholpolitiske måla som kommunen har. Til sommaren skal alle skjenkeløyva fornyast. Den gjeldande planen går ut og ny plan må vedtakast før kommunen skal behandle alle sals- og skjenkeløyva på nytt før sommaren.