REKNA UT ENDRINGANE: Her går det i berekning av konsekvensane ved endringar i eigedomsskatten. F.v. Halvor Moen, Øystein Tveit og Vidar Lofhus.
Øystein Akselberg
Kommuneøkonomi i motbakke – stadig nye utfordringar
Midt-Telemark kommune starta året med eit innsparingskrav på 62 millionar kroner. Før kommunestyremøtet måndag var behovet for kutt nede i 47 millionar. Etter møtet var det stige til 52 millionar.
Assisterande kommunedirektør Øystein Tveit la fram økonomisk status ved utgangen av februar i kommunestyremøtet sist måndag. Han peika på at innsparingskravet minka frå 62 millionar kroner til 47 millionar i løpet av årets to første månader.