GODE VENER: Svein Aastvedt, Henny Langåsdalen, Merete Boye, Bente Saugestad med Kompis, Johannes Hegna og Yngve Stokstad synest det er gjevande å vere besøksven.
Unni Buverud
Kompis har blitt ein del av gjengen – skal vere med på besøk hos dei eldre
Røde Kors har medlemmer som brukar tida si på å besøke bebuarar på sjukeheimar og omsorgsbustader i Midt-Telemark. Nå har dei fått med seg Kompis, ein firbeint besøksven.
Fem av besøksvenene i omsorgsgruppa til Bø og Sauherad Røde Kors er Johannes Hegna, Henny Langåsdalen, Bente Saugestad, Yngve Stokstad, Svein Aastvedt og Merete Boye. Dei er alle samde om at dette er eit frivillig arbeid som gjer godt for alle partar.