Konsert i nye lokale: – Dette var ingen jobb for feigingar
På Akkerhaugen Rocksamfunn finn ein ekte speleglede, vel innstuderte gitarriff og vokalprestasjonar det står stor respekt av.
«I want my MTV, I want my MTV». Slik tona allsongen ut etter tre timars intens Dire Straits-hyllest i dei utvida og nyopna lokala til Akkerhaugen Rocksamfunn fredagskvelden før jol.