TRAKTOR ER TOPP: Kristian Bakka Kaasa elskar å køyre traktor. Han har traktor heime òg, men må også køyre når han er på Evju. FOTO: Marta Kjøllesdal
KOSELEG MED HEST: Dei har hest heime òg. – Men det er alltid koseleg med hest, tykkjer Tuva Hegna Øygarden. Ho og Tonje Hegna Øygarden (t.h.) har lyst å ha med seg ein hest kvar heim til Heddal. Dei har elles røter i Bø. FOTO: Marta Kjøllesdal
LANG KØ: Det var mange som hadde lyst på ein ridetur på Evju Bygdetun. FOTO: Marta Kjøllesdal
VARMT: Anna Sperre Ytterbø og Øystein Ytterbø likar den store Gråtassen. Anna har også køyrd på ein av dei små. Den store tykkjer ho har blitt litt varm i solsteiken. Anna og far har teke turen frå Notodden. Øystein Ytterbø tykkjer Evju er ein flott plass til eit slikt arrangement. Det er fint å ta med barn hit. FOTO: Marta Kjøllesdal
KANINAR ER MORO: Pernille Lykke Støa Andersen (t.h.) har også med seg si eiga tøykanin. Ho og veslesyster Mille Marie likar å sjå på kaninane. Ho er saman med mor Cecilie Støa. Olav Granne Hjukse kikkar også på kaninane. FOTO: Marta Kjøllesdal
SKIKKELEG GØY: – Det var skikkeleg gøy, seier Johannes Jonskås Myrene. Han har ikkje prøvd riding før. Erika Håseth leier hesten. FOTO: Marta Kjøllesdal
TIPPAR PÅ KJØTTMEIS: Gustav og Svend Kåre Berntsen laga fuglekasse. Gustav tippar på at ein kjøttmeis vil flytte inn. FOTO: Marta Kjøllesdal
SEL SJØLVLAGA IS: F.v. Tuva Bergan, Johanne Aanderaa og Marie Aanderaa selde eplesaft og sjølvlaga is i kiosken. FOTO: Marta Kjøllesdal

Kosa seg i sola på Open Gard – her kan du sjå nokre av dei som var der

Det myldra av folk i solskinnet på Evju Bygdetun då dei to lokale bondelaga og bygdekvinnelaget arrangerte Open gard.

Publisert Sist oppdatert

Over song og surr av prat høyrdest taktfast hamring frå dei som spikra fuglekasse. Elles var det mange aktivitetar å drive med og mat å smake på. Mest populær så kanskje ponniridinga ut til å vere. Her var køen lang ei tid.

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS