TAKKSAM FOR PUSTEROMMET: – Pusterommet er eit viktig tilbod, seier John Sunde, som her trener medisinsk yoga med instruktør Ingebjørg Kaljord Svalebjørg.
Unni Buverud
Kreftopererte John har fått Pusterom på Nordagutu
Nå har Pusterommet for kreftpasientar opna på Seksjon for rehabilitering på Nordagutu. – Det er eit særs viktig og svært godt tilbod, seier kreftopererte John Sunde (59) frå Gvarv.
Allereie i mai tok dei fyrste dagpasientane i bruk Pusterommet, men grunna korona blei den offisielle opninga med snorklypping utsett til 18. august.