STOLT: Kristin Ulvenes (35) er stolt over at arbeidsplassen støtter eit viktig formål.
Adriana Sòria Peris
Kristin (35) stiller opp, både privat og for arbeidsplassen
– Eg har to barn sjølv. Eg kan forstå kor viktig det er for ein familie å vera saman i ei sårbar tid, seier Kristin Ulvenes, butikksjef på Princess i Bø.
På
20. oktober skal bøsseberarar over heile landet samle inn pengar. Årets TV-aksjon går til Barnekreftforeininga, og skal gå til å bygge fleire familiehus på sjukehusa.