GLER SEG: Kristin Ødegård Vestgarden gler seg over at ungdomslaget har fått inn yngre krefter, og Hilde Mari gler seg til å starte i ny jobb fra 1. mai.
Unni Buverud
Kristin trur Hilde Mari vil gje ny gnist i ungdomslaget
Hilde Mari Skaret (22) er tilsett som aktivitetsleiar på Sandvin kulturhus. – Her har me fått ei som brenn for å skape aktivitet. Det kan gje ny gnist i ungdomslaget, seier Kristin Ødegård Vestgarden.
Bø ungdomslag har eksistert sidan 1893, og har alltid hatt aktivitet på Sandvin. Men Kristin Ødegård Vestgarden i styret for Bø UL legg ikkje skjul på at at dei no slit med å halde oppe aktivitetsnivået.