Kva gjer du om mobil og nett fell ut?
Når det er uvêr er det lurt å førebu seg på at straumen kan gå.
Uvêret slo til natt til 6. januar og dei vanskelege vêrforholda har mellom anna ført til fleire trafikkulykker på vegane og straumbrot fleire stader i landet. Flytrafikken er også noko påverka.
Med store snømengder og vind aukar sjansen for at også mobil og internett blir råka. Som oftast kjem det av at straumen blir borte. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har heva beredskapen og har god dialog med ekomaktørar og statsforvaltarar om situasjonen i ekomnetta.
– Førebu deg på straumstans ved å sørgje for å lade opp mobiltelefonar, datamaskinar, powerbankar og elbilar, seier tryggingsdirektør Svein Scheie i Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom).
– Då har du alternative straumkjelder viss det skulle oppstå eit straumbrot, held han fram.
Forsterka ekom
Nedanfor kan du sjå kva råd Nkom har for å best kunne sikre tilgang til mobil og internett under uvêr.
Gjennom program for forsterka ekom bidreg Nkom til å takle bortfall av mobilkommunikasjon ved for eksempel ekstremvêr og straumbrot over lengre tid.
– Ved straumbrot vil mobilkommunikasjon vere mogleg med naudstraum i opptil 72 timar, dersom du er kobla på ei mobilmast som er med i program for forsterka ekom, opplyser sikkerheitsdirektør Scheie.
Her kan du sjekke kva stader i landet dette gjeld.
5 beredskapsråd dersom straum og mobilnett står i fare for å gå ned eller er nede:
- Hugs at du kan ringe naudetatane sjølv om du manglar mobildekning frå ditt mobilselskap, så lenge ein av dei andre mobiloperatørane har dekning i området.
- Du kan også bruke internett til å ringe med (wifi på mobil) dersom du skulle ha behov for det. Hugs å aktivere wifi for tale på din telefon.
- Sørg for å ha fullada mobiltelefon, og hugs at både datamaskin og bil kan nyttast til å lade telefonen.
- Ha ein DAB-beredskapsradio som går på batteri tilgjengeleg.
- Vurder abonnement hos ulike mobiloperatørar - då unngår du at alle i husstanden mister dekninga samtidig.