Kva skal du eigentleg traske i skiløypa for?
Nå er me der igjen. Det er vinter og det er kvitt. Snøen har lagt seg over store delar av landet, og ivrige frivillige legg til rette for at alle som er glad i å gå på ski endeleg skal få gjere det igjen, ofte for ein kort periode. Men kva skjer? Da høyrer me på Nitimen - igjen - at ein diskuterer kven som eigentleg har rett til å bruke skiløypene. Det er avstemming blant lyttarane og allemannsretten blir tatt fram i debatten. Skiløparar med altfor stor fart, som ikkje tek omsyn til andre som ferdast i løypa, blir hetsa og kalla omsynslause og bare opptatte av seg sjølve. Dei kan skade og skremme alle dei andre som oppheld seg i skiløypa, enten dei går på ski - eller ikkje.
Toleranse blir ofte etterlyst når skiløypediskusjonen når sitt høgaste, og det er sjeldan skiløparane kjem positivt ut. Det er da det er på sin plass å spørje kven skiløypene eigentleg er for. Blir dei laga for at ein skal spenne på seg ski og oppleve gleda eller spenninga over å gli framover på den glatte snøen? Eller lagar ein skispor for at dei som går på beina skal trakke dei ned, lage hol i løypa når dei går igjennom underlaget eller bikkjene deira både øydelegg spora og gjer i frå seg i løypa? Svaret bør gje seg sjølv, likevel går diskusjonen.
I Midt-Telemark har me for tida ein nydeleg vinter, som trass i litt lite snø førebels gir gode mulegheiter til å gå på ski for dei som vil. I år, som tidlegare vintrar, har me mange flotte dugnadsfolk i kommunen, både i organiserte og uorganiserte løypelag, som brukar både tid og krefter på å lage fine skiløyper. Dei står opp midt på natta for å ha løypene klare til innbyggjarane vaknar, og dei dreg til skogs i maskina i seine kveldstimar så snart eit snøvêr har gitt seg, slik at trikkespora er der frå første stund. Det går timesvis med til dette arbeidet, det er ubetalt og den einaste belønninga er fornøgde skiløparar som kyter løypekøyrarane opp i skyene for godt arbeid. Det kan da ikkje vere moro for denne gjengen å sjå at alt arbeidet blir øydelagt av trassige allemannsbrukarar? Kvar er respekta for dei som legg til rette for det å gå på ski?
Kommunen vår er eit eldorado for friluftsliv. Det finst uttallige plassar der ein kan dyrke det å vere ute, enten ein likar å gå på ski eller ikkje. Det er så store areal og så mange tilrettelagde plassar for alt at ein ikkje treng å øydeleggje for andre når ein vil vere ute. Her er fine lysløyper, stiar og bygdevegar nok der me kan gå til fots om vinteren, så det skulle vere unødvendig å traske ut på jordet eller i skogen akkurat der løypene går. La nå dei som likar ski få boltre seg der, med fart om dei vil, og sjå på månen og finn friluftsgleda di ein annan stad viss du ikkje har ski på beina.