SOLOPPGANG PÅ JØNNBU: Dette stemningsfulle biletet av soloppgangen er tatt 10. januar i år. FOTO: Simon Jeppesen FOTO: Simon Jeppesen KLAR TIL OPPDRAG: Mange fine turar innover på Lifjell ventar nok denne wieselen i vinter. FOTO: Torgeir Fossnes FOTO: Torgeir Fossnes ROSEMÅLA STOGE: Sagavoll Folkehøgskule har nokre gamle bygningar. Rektor Kjersti Versto Roheim er her i bygget frå 1920, som forutan dette rosemåla samlingsrommet, har klasserom, samt internat i andre høgda. FOTO: Unni Buverud FOTO: Unni Buverud PLATESLEPP: Bandet Polula er klar med sitt første album «Where do we go from here». Dei spelte konsert på Bull Inn, og starta opp med punk. Dei definerer no musikken sin som prog-punk-core. Bandmedlemmene er alle studentar på USN. Her er dei på øving i bandcontaineren i Gullbring. F.v. Marius Nordli, Martin Bosnes, Erlend Kåsereff og Dmitriy Safiullin. FOTO: Øystein Akselberg FOTO: Øystein Akselberg FLOTT INNSATS I KUDA: 17 utøvarar frå 9-15 år frå Bø Skiskyttarlag tok turen i fantastisk ver og til tider bitande kulde til Fyresdal ein laurdag i januar, fem av dei deltok også på sundag. BSS beit godt frå seg med mykje bra skyting, mange gode løp og totalt 7 pallplasseringar. Laurdag: 1. plass Vebjørn Espedalen Lium G11, Sander Steen G14, 2. plass Ingebjørg Kristine Skilbred Helås J15, 3. plass Sigrid Elisabeth Skilbred Helås J12, Dorthea Sætra Erikstein J14. Sundag: 1. plass Olaf Sætra Erikstein G12, 2. plass Sander Steen G14. FOTO: Cecilie T. Bjørnfeld FOTO: Cecilie T. Bjørnfeld 25-ÅRSJUBILANTAR: Fem tilsette i Midt-Telemark kommune vart heidra for 25 års innsats på tampen av fjoråret. Midt-Telemark kommune gratulerer og takkar for lang og trufast teneste, og ser fram til nye år med godt samarbeid, skriv kommunen på nettsida si i samband med markeringa. Framme f.v. Kristine Von Hirsch Hellstad, Inger Merethe K Espeseth, Inger Folkestad Holte, Arnhild Sandstå Steinhaug, Bergit Verpe. Bak f.v. Urban Eriksen, Gisle Bonna Espedalen, Siri Blichfeldt Dyrland, Per Dehli. FOTO: Midt-Telemark kommune FOTO: Midt-Telemark kommune AVGANG: Ei kanadagås lettar frå Bøelva. FOTO: Simon Jeppesen FOTO: Simon Jeppesen FØRSTE GONG: Gutar U17 har kvalifisert seg til junior-NM i Tromsø. – Det er første gongen for eit lag herifrå, seier trenar Frode Tvinde. Jentene gjorde ei god turnering, men klarte ikkje å kvalifisere seg i regionmeisterskapet i Skjeberg. FOTO: Skarphedin Volleyball FOTO: Skarphedin Volleyball Kva skjedde der du bur i januar? Sjå kvardagsglimt frå Midt-Telemark Januar vart ein snørik månad i Midt-Telemark. Her kan du sjå nokre kvardagsglimt frå kommunen vår på årets første dagar. Synnøve Sudbø Kleppe Publisert onsdag 01. februar 2023 - 22:00 Sist oppdatert torsdag 02. februar 2023 - 20:16 Del på Facebook Del på Twitter Del på e-post Kjære lesar! Eksisterande abonnent? Logg inn her For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga. Har du ikkje abonnement? Bli abonnent Eksisterande abonnent? Logg inn her ✕ nyheit arkiv Del på Facebook Del på Twitter Del på e-post