TILTAK: Leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming (t.v.) og politisk nestleiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Vidar Vogdemes, har hatt møte med landbruks- og matminister Sandra Borch om tørketiltak.
Landbruks- og matdepartementet
Landbruksministeren med tørketiltak – fryktar dårlege avlingar
Landbruksministeren kjem med tiltak for å oppretthalde matproduksjonen i den tørre sommaren.
Den varme og tørre sommaren me har hatt så langt gjer at mange fryktar at det blir dårlegare avlingar av korn og gras enn normalt. Det gjeld for store deler av Sør-Noreg. Tysdag hadde landbruks- og matminister Sandra Borch, Senterpartiet, eit møte med Noregs Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag om situasjonen.