M
Lanserte skulestrukturdebatt i formannskapet
Mette Haugholt (Ap) lanserte skule- og barnehagestruktur som noko ein kan måtte sjå på for å få kontroll på økonomien.
– Det har ikkje vore strukturdebatt i skule og barnehage. Det gav oss eit løft i Sauherad.
Det sa tidlegare ordførar i Sauherad, Mette Haugholt, Arbeiderpartiet (Ap), då formannskapet diskuterte budsjettet til Midt-Telemark kommune for 2020. Det er ikkje endeleg vedteke og skal opp att i kommunestyret måndag.