STOR VERKSEMD: Lars Kåre Haugen i sjefsstolen til Systemblokk.
Øystein Akselberg
Lars Kåre kan vinne viktig pris: – Det viser at me gjer noko riktig
Dagleg leiar ved Systemblokk, Lars Kåre Haugen, står oppført som kandidat til å vinne ein gjæv pris.
Fem kandidatar frå region Sør skal onsdag konkurrere i regionfinalen i verdas største vekstskaparprogram, EY Entrepreneur Of The Year. Vinnaren går vidare til finalen i februar, som blir halde i Oslo.