LIKAR Å VERE TOGPENDLAR: Laura Slaughter har pendla med toget frå Nordagutu stasjon til jobb i Oslo, men med færre stopp kan det bli mindre aktuelt å bruke toget.
Øystein Akselberg
Laura vil bu på landet og jobbe i byen, men nå kjem det kjeppar i hjula
Kutt i talet på togstopp stikk kjeppar i hjula for amerikanske Laura Slaughter sin draum om å bu på bygda i Midt-Telemark og pendle med tog til Oslo.
Laura Slaughter (52) er opphavleg frå Maryland, USA, og kom til Noreg i 2005. Ho er forskar i datavitenskap og jobbar no ved Forskingsparken på Blindern i Oslo.