KOSA SEG: Tippoldemor og tippoldebarn kosa seg på julemarknad.
TIDLEG UTE: Dei fyrste stilte seg i kø i god tid før opning klokka 12. FOTO: Gro B. Røiland
BRØD: Nelly Sanchez på veg inn i Åsestugo med nysteikte brød rett frå steinomnen. FOTO: Gro B. Røiland
KØVAKT: Arne Hatlen passa på køen inn til kakedisken. Det gjekk fredeleg for seg. FOTO: Gro B. Røiland
GODT SAL: Salet gjekk jamt og trutt i Åsestugo. FOTO: Gro B. Røiland
SELJAR: Styreleiar for museet, Kristin Kleppen (midten), var ein av seljarane i Åsestugo. FOTO: Gro B. Røiland
KAKEKJØP: Gro Langeteig var tidleg ute og sikra seg både fersk julekake og sandkaker. FOTO: Gro B. Røiland
KØ: Nye folk i kø for å kjøpe kaker til jul. FOTO: Gro B. Røiland
FLEIRE GENERASJONAR: F.v. loddseljar Reidun Torstveit, loddkjøpar Gunhild Haugestøl, bak dottera Anne-Lise Haugestøl og tippoldebarn Leander Haugestøl Nilsen. FOTO: Gro B. Røiland
FINT HANDARBEID: Gunhild Haugestøl beundrar det fine handarbeidet, som er ein av premiane i basaren. Ingen tvil om kva for gevinst ho ønsker seg. FOTO: Gro B. Røiland
GÅVER: Ingvild Skjeldal Waage og Kristin Sudbø Syvertsen finn gåver både til seg sjølve og andre. FOTO: Gro B. Røiland
VETERAN: Lunderheringen Tore Torsdalen, veteran på julemarknaden med lamper og andre antikvitetar, har alltid med ein gamal ting som folk skal gjette kva er. Her er det Johannes Hegna som prøver å gjette. FOTO: Gro B. Røiland
GRAUTDAG: Bjørg Aasen, Randi Vreim og Gerd Verpe serverte graut i kafeen på Polen. FOTO: Gro B. Røiland
TIDLEG I GANG: Brød og julekakebakarane Nelly Sanchez og Nina Pedersen var i gang med å bake klokka 04 laurdag morgon. Det skal dei også søndag, på julemarknadens andre dag. FOTO: Gro B. Røiland
EFFEKTIVE: Steikte julekaker og usteikte på vent. Bakarane Nina og Nelly er effektive. FOTO: Gro B. Røiland
VED TIL BÅLPANNA: Museumsfrivillig Olav Finstad har henta ved til bålpanna. FOTO: Gro B. Røiland
VED BÅLET: Tor Sisjord og Halldis Bergland tek ein rast ved bålpanna med Olav Finstad. FOTO: Gro B. Røiland

Leander (7) blei med tippoldemor på julemarknad

Julemarknad på Bø museum er moro for fleire generasjonar. Det kan Gunhild Haugestøl (92) og tippoldebarnet Leander (7) skrive under på.

Publisert Sist oppdatert

Laurdag klokka tolv var det avspark for årets julemarknad på Bø museum. Tradisjonen tru var det lenge før klokka tolv lang kø utanfor Åsestugo, der dei sel julekaker av mange slag. Fem slag småkaker, steinomnsbakt julekake og brød, kransekaker og honningkaker er det som får folk til å stille seg tolmodig i kø, år etter år.

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS