– Lekkasje kan få negative følgjer for Gullbring
Avisa Varden presenterer i dag ein lekkasje frå eit lukka møte i Bø formannskap måndag. Der blei det drøfta framtidig organisering og drift av Gullbring kulturanlegg. Deler av møtet handla om kva rolle i Gullbrings framtid partane Bø kommunale eigedomsselskap (BKE), Universitetet i Søraust-Noreg (USN) og Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge (SSN) skal ha. I dag slepper Varden informasjon frå «svært velinformert hald» og går ut med at SSN ønskjer å kjøpe seg inn i Gullbring kulturanlegg.