LIFJELL HYTTEGREND: No er det full fart med ymse grunnarbeid i hyttefeltet som gjekk med i Lende-konkursen i fjor.
Øystein Akselberg
Lokalt firma får fart på nytt hyttefelt
Utbygginga av Lifjell hyttegrend ved Østerlikollen på Lifjell gjekk på ein smell i fjor då hytteaktøren Lende gjekk konkurs. No har eit lokalt entreprenørfirma teke over styringa og kjøpt opp store deler av hyttefeltet.
Hyttefirmaet Lende AS frå Rollag gjekk konkurs med ein smell i april fjor. Det ramma hyttefeltet Lifjell hyttegrend som selskapet var i gang med å bygge ut.