BER OM BILDE: Redaktør i Bø blad, Hilde Eika Nesje, håper at mange vil sende inn bilde frå friluftslivet sitt i 2025.

Lyst til å vinne bål­panne? Send inn bilde av friluftslivet ditt

«Mitt friluftsliv» er tema for fotokonkurransen som Bø blad nå køyrer i gang. Alle er inviterte til å delta. 

Publisert

2025 er Friluftslivets år, og det vil lokalavisa i Midt-Telemark vera med på å markere. I samband med det dreg avisa i gang ein fotokonkurranse, som skal gå gjennom heile året.

– Me vil vera med og sette fokus på Friluftslivets år, og vise at friluftsliv er eit stort mangfald. I Midt-Telemark har me gode moglegheiter til å vera ute. Det å vera så nær naturen, er noko av det folk ofte nemner som årsak til at det er så bra å bu her, seier redaktør i Bø blad, Hilde Eika Nesje.

Bålpanner i premie

Ho peikar på at  friluftsliv er så mykje, det er alt frå å sitte ved eit bål eller rusle ein liten tur, til å ake i bakken bak garasjen, gå på topptur eller vinterbade i Norsjø. Nettopp dette mangfaldet håper ho kan bli spegla i fotokonkurransen.

Alle innbyggarar i Midt-Telemark og lesarar av Bø blad er iniviterte til å sende inn bilde av sitt friluftsliv. Bilda vil bli publiserte i Bø blad etter kvart.

Alle som sender inn til fotokonkurransen deltar i trekningar av bålpanner. Fire gonger i løpet av Friluftlivets år, kvart kvartal, vil det bli kåra ein vinnar av fotokonkurransen, som blir premiert med ei bålpanne. Redaksjonen i Bø blad er jury.

Send inn til Bø blad

– Me håper på stor variasjon i innsende bilde. Det skal ikkje bare vera fjelltoppar eller teknisk perfekte bilde. Det kan vera foto av alt som handlar om å vera ute, seier Eika Nesje.

Bilda sender du til redaksjon@boblad.no i vanleg jpg-format, høg oppløysing og merka «Mitt friluftsliv». 

E-posten med bilde skal innehalde informasjon om fotograf og litt om motivet, kor bildet er tatt og kven som er med.

Powered by Labrador CMS