SKAL PRIVATISERE VEGAR: Kommunalsjef Hans Kortner Ryen orienterte PTN-utvalet om arbeidet med å privatisere kommunale vegar.
Øystein Akselberg
Må privatisere vegar for å spare: – Kan knekke heile eininga
Kommunen har som mål å spare to millionar kroner i året ved å privatisere kommunale vegar. No skal teknisk eining utarbeide ein plan for korleis det skal gjerast.
–
Me er for tida ein ingeniør i manko på teknisk eining, og dét i ei tid der me har mange
tunge saker å handtere, blant anna trafikksikringstiltak ved Bø skule, den øydelagte gang- og
sykkelvegen i Eikavegen, fleire investeringsoppgåver innan teknisk og ikkje
minst målet om å gjennomføre privatisering av fleire kommunale vegar, opplyste kommunalsjef Hans Kortner Ryen i årets første møte for utval for plan, teknikk og næring (PTN).