LANSERING: André Thomassen Haugen, Anne Fagermo og Dag Erik Oksvold på presselanseringa i NRK.
Nathalie Hegna
Mange heiar: – Eg forventar å sjå Anne og Dag Erik i finalen
Når Anne Fagermo og Dag Erik Oksvold laurdag går på MGP-scenen, er det mange som heiar på dei. Blant andre Elisabeth «Bettan» Andreassen og MGP-blodfan André Thomassen Haugen.
Laurdag er det tid for den andre av tre delfinalar i årets norske Melodi Grand Prix. Her skal seks låtar bli framførte. Tre av dei går vidare til den store finalen i Trondheim Spektrum 3. februar.