LIFJELL: Arealendring kan føre til at sårbare dyre- og planteartar mister leveområda sine, og er den største trusselen mot naturmangfald i Noreg og globalt.
Bø blad, arkiv
Mange kommunar vil skåne natur for utbygging
145 kommunar har søkt tilskot til planarbeid fra ordninga Natursats. 83 av dei vil revidere gamle utbyggingsplanar for å hindre tap av natur.
– Kommunane sit på nøkkelen til å ta vare på og sikre berekraftig bruk av naturen. Mange kommunar ønsker også å bevare naturen sin. Ved hjelp av tilskot til planarbeid har dei nå fått enda eit verktøy til å drive betre arealplanlegging, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i ei pressemelding frå Miljødirektoratet.