SAMARBEID: McDonald´s etablerer seg i Midt-Telemark.
Hilde Eika Nesje
McDonalds utvidar: Første nyetablering til Bø
Eit nytt samarbeid gjer at McDonalds utvidar. Nå er det klart at kjeda skal etablere seg i Midt-Telemark.
McDonald's veks i Noreg. Ei ny samarbeidsavtale skal sørgje for sju nye fastfood-restaurantar i Noreg. Ein av dei første kjem på plass i Midt-Telemark, og det skjer truleg allereie i løpet av 2025. Saman med ein restaurant i Hønefoss vil McDonald’s i Bø vere dei to første nyopningnane i det nye samarbeidet.