ØNSKJER IKKJE FLYTTING NÅ: MDG Midt-Telemark signaliserer at partiet ikkje ønskjer bibliotekflytting nå. F.v. Helle Friis Knutzen, Espen Lydersen og Sindre Flø.
MDG
– Me vil ikkje stemme for å flytte biblioteket nå
MDG Midt-Telemark vil ikkje flytte biblioteket nå, og understrekar at det er viktig å ta vare på det kulturfaglege fellesskapet som fungerer i Gullbring.
Måndag denne veka hadde MDG Midt-Telemark styremøte, og ifølgje kommunestyrerepresentant for partiet, Helle Friis Knutzen, uttrykte samtlege styremedlemmer si undring og bekymring over at fleirtalet i formannskapet har gått for å flytte biblioteket til Gullbring nå.