PRESSEKONFERANSE: Onsdag morgon kalla Midt-Telemark kommune inn til pressekonferanse på nett. F.v. kommunikasjonsansvarleg Marte Midttun Lie, varaordførar Bjørn Magne Langkås og seksjonsleiar i politiet, Trond Neri Flothyl.
Gro B. Røiland
– Me vil nok oppleve store elver og rasfare i fleire timar framover
Det er fortsatt mykje vatn som renn i kommunen, og ulike utfordringar knytt til øydelagte vegar, melder kommunen onsdag morgon.
På ein pressekonferanse i regi av Midt-Telemark kommune i dag tidleg skryt varaordførar Bjørn Magne Langkås av alle som har vore på jobb i løpet av natta, både dei ute i terreng og alle som har vore på plass i kommunen sitt kommandosenter.