Meiner Egeland er habil
Både ordførar og kommunedirektør meiner at kommunedirektøren er habil i saka om sal av Gullbring kulturanlegg.
I eit lesarinnlegg i avisa Varden vart det stilt spørsmål ved om kommunedirektør Åse Egeland er habil i saka om sal av Gullbring kulturanlegg til Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge (SSN). Bakgrunnen for brevet var at Telemarksforsking diskuterer samanslåing med Universitetet i Søraust-Noreg (USN). Mannen til Egeland er direktør i Telemarksforsking.