VIKTIG SIGNAL: – Denne kompensasjonen er eit viktig signal til kommunane om at regjeringa følgjer opp lovnaden frå Hurdalsplattforma, skriv kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik.
Trond A. Isaksen
Midt-Telemark får ekstra tilskot: Skal dekke opp for litt av tapt tilskot
I dag kjem det litt meir informasjon om det nye tilskotet som regjeringa har foreslått til Midt-Telemark og nokre andre kommunar.
NRK skreiv nyleg at kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik var i Siljan og delte ut pengar til små kommunar som ikkje slo seg saman. På lista over kommunar som fekk pengar var Midt-Telemark, som er eit resultat av samanslåingar.