A
Midt-telemarkingar i mat-finale
Lien gård har to produkt og Lindheim Ølkompani eit i finalen i Det Norske Måltid. Arrangementet Det Norske Måltid leitar etter det ypparste av norsk mat og drikke.
Arrangementet Det Norske Måltid vart starta av næringsinteresser i Stavanger-området i 2008. I fjor vart landbruksorganisasjonane og regjeringa einige om at det skal vere eit omdømmearrangement på linje med Grüne Woche i Berlin og Matstreif og at det skal få meir støtte.