LEIAR OG NESTLEIAR: Trude Flatland og Mikkel Aanderaa.
Privat
Mikkel og Trude fortset som leiarduo
Trude Flatland fortset som leiar i Telemark Bondelag. Mikkel Aanderaa frå Midt-Telemark er valt som nestleiar.
Engasjerande, viktige og tydelege taler og innlegg prega årsmøtet, ifølgje ei pressemelding frå Telemark Bondelag. Årsmøtet til laget blei nyleg halde på Bø Hotell, og av 19 lokallag var det 18 som var til stades på årsmøtet med sine utsendingar. Med tillitsvalde, gjestar og tilsette møtte til saman 57 personar.