FRUSTRERT: Milli og matmor Åshild Øygarden bur i sentrum og er frustrerte over det som skjer før og etter nyårskvelden.
Marta Kjøllesdal
Milli er livredd – Åshild er frustrert
Vesle Milli er ein seks år gammal hund som blir vettskremt av rakettar. Matmor Åshild Øygarden har råd for nyttårsaftan, men ikkje alt det andre.
– Ved første smellen ho høyrer begynner ho
og pese og spring rundt i kring. No har ho begynt å tisse også. Ho roar seg
ikkje, ho berre spring og spring, fortel matmor Åshild Øygarden. Dei bur midt i Bø sentrum og det store
problemet er rakettar som ikkje blir sendt opp nyttårsaftan om kvelden,
men til alle andre tider.