JUBILEUM: Monika Slåtta og Hans Erik Kaasa kan feire at familiebedrifta har vore i drift i heile 70 år denne hausten.
Øystein Akselberg
Monika og Hans Erik tek familiebedrifta vidare
Ei av bygdas mange familiebedrifter har jubileum. I haust er det 70 år sidan Ragnhild Kaasa starta parfymeri i Bøgata.
Ragnhild Kaasa starta i 1953 butikk med ein liten disk i kroken av butikken Bø Elektriske, som mannen hennar, Hans Kaasa, dreiv. Ho hadde drive sin eigen frisørsalong tidlegare, men gjekk med dette engasjementet over til butikkdrift.