Nå er denne 50-åringen på jakt etter yngre, og dei må gjerne vere damer
– Bø Rotaryklubb har vore litt for anonym, seier Aslak Gunnheim, som saman med Helge Aarnes og Jan Lepperød er veteran i klubben. Dei ønsker seg fleire og yngre medlemmer.
Den 5. september 2020 var det 50 år sidan Bø Rotaryklubb blei stifta. Klubbens første president var Svein Jarl Sagafoss. Grunna koronapandemien har ikkje medlemmane fått feira jubileet før nå. Markeringa skjer på Bø hotell 1. oktober.